Trening for eldre

Mange eldre er lite aktive i kvardagen, men uansett alder har ein effekt av fysisk trening, særleg styrke og balanse. Med tilrettelagt trening kan eldre bli mindre avhengige av hjelp utanfrå i kvardagen. 

 

Trening kan også forseinka aldringsprosessen. Aldring er ein samansett prosess som vert påverka av fleire faktorar, f. eks. genetisk arv, livsstil og miljø. Å få leva lenge er positivt, men det viktigaste er å kunne eldast på ein måte som inneheld god livskvalitet og helse. Forsking har vist at trening kan gje gode resultat på helse og spesielt har styrketrening vist seg å vere  effektivt når det gjeld å utsette og førebygge aldringseffekt. Det er m.a. dokumentert at styrketrening kan verka positivt på ein rekke fysiologiske og mentale prosessar hjå friske personar og dermed førebygge sjukdom. Ved aukande alder ser  ein reduksjon i muskelmassen og muskel funksjonen dersom dei daglige aktivitetane ikkje stiller store nok krav til muskelstyrke. Vaksne som ikkje trenar styrke, og som ikkje har aktivitetar som stiller krav til styrke, kan tapa større mengde muskelmasse per år frå dei har passert 50 år. 

Forsking viser at 90 åringar kan trene seg til å verte fysiologisk 30 år yngre ved fagleg tilpassa trening. Eldre toler tøffe treningsopplegg men treng lengre restitusjonstid.

SA ynskjer å yte hjelp ved å gi trening på den mest effektive måten som motverkar dei fysiologiske forandringane.  

Sjå prisar her