Toppidrett

Unge ambisiøse utøvarar på eit forholdsvis høgt utviklingsnivå er avhengig av profesjonelle trenarar for å kunne utvikle seg frå å ha talent til å verte toppidrettsutøvar.

 

Det å prestera i toppidrett handlar om å yta maksimalt. Skal ein kropp yta maksimalt må den byggast  opp over år, basert på fagleg kunnskap. Dersom det ikkje er tilgjengeleg fagleg hjelp kan hard trening rive ned i staden for å bygge opp kroppen sin yteevne.

Sogn Aktiv som profesjonell aktør på tilrettelegging av treningsopplegg for utøvarar kan hjelpe til med at utøvaren når si målsetting om prestasjon  på toppnivå i sin idrett.
Det vert lagt opp til at Sogn Aktiv skal gje motivasjon gjennom nye impulsar i treningskvardagen. I ein kombinasjon med spesialisert trening, kosthaldsrådgiving, mentaltrening og coaching ynskjer Sogn Aktiv å heve treninga til eit nytt nivå. Toppidrett handlar også om planlegging som kan gå 4 – 5 år fram i tid. Vidare handlar det også om seriøse evalueringar etter  kvar sesong. 

Toppidrett handlar også om å skape ein prestasjonskultur. Sogn Aktiv vil kunne gje god innføring i krav til holdning til treninga,  kva god holdning betyr og korleis trena best. Ove Hauge har bakgrunn ifrå idrett på toppnivå, har god utdanning om toppidrett, og har jobba med unge talent i mange år. 

Sjå prisar her