Om Sogn Aktiv

Trening er vedlikehald, utvikling og framgang i form av meistring og måloppnåing. 

Sogn Aktiv er eit personleg trenarfirma der føremålet er å medverke til positivt innhald i kvardagen til einskildmennesket. Sogn Aktiv står for integritet, verdiar og kvalitet. Sogn Aktiv kan tilby målretta program, der  trening er spesifikt utvikla til å støtta kundane mot målet sitt.  Du vil bli støtta, rettleia og motivert slik at du på ein sunn måte kan komme nærare draumen om vekttap, vektauke, betre helse, auka velvære eller din beste prestasjon. Her får du trening som kan utfordra heile kroppen på både kondisjon, styrke, uthald, fleksibilitet og mobilitet. Me nyttar ulike reiskap samt kroppsvektsøvingar i ulike intervall og i sum gjev desse øvingane og kombinasjonane ein sterkare kropp og betre balanse. Det handlar om å skape gode føresetnader for ei sunn utvikling.   

Ove Hauge – personleg trenar

Ove Hauge – personleg trenar

Ansvarleg innehavar av Sogn Aktiv er Ove Hauge. Ove har frå tidleg alder vore oppteken av helse, fysisk aktivitet og idrett. Han har satsa på å vidareutvikla seg innan dette området  og har  m.a. ein praktisk pedagogisk utdanning og friluftslivutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Deretter tok han  mastergrad i idrett og bevegelsesvitskap (idrettspsykologi) ved Noregs Idrettshøgskule (NIH). Avsluttande oppgåve omhandla motivasjon og toppidrett i alpint.

Sertifiseringar og godkjenningar:

  • Personleg trenar (Noregs idrettshøgskule)
  • Seniorinstruktør (Noregs idrettshøgskule)
  • Kosthald og trening 1 og 2 (Noregs idrettshøgskule)
  • Topptrenar 1 utdanning (Noregs idrettshøgskule)
  • «Aktiv for kreft»-instruktør (Noregs idrettshøgskule)
  • Instruktør i Bungee Fitness (Noregs idrettshøgskule)
  • Kjernemuskulaturtrening (Ropes, Redcore education og Catslide -  Sørensen / Therkildsen)
  • Crossfit Level 1 trenar (Bergen Crossfitsenter)
  • Trenar II – Fotball (Norges Fotballforbund)
  • Trenar II –Alpint (Norges Skiforbund)

Parallelt med denne utdanning har han vore engasjert som trenar i nemnde idrettar og som personleg trenar ved Elixia Colosseum, Oslo. Ove har også vore innom Sogndal Fotball som fysisk trenar for unge talent og kommande eliteseriespelarar.  

Som idrettsutøvar har Ove vore aktiv og konkurrert innanfor fotball, telemark, alpint og boksing. I alpint konkurrerte han på nasjonalt nivå til han var 20 år. Etter den aktive karrieren har han halde forma ved like med ulik styrke og uthaldstrening, alpint og friluftsliv. Ove er interessert i alle former for aktivitet som stimulerar både den fysiske og psykiske helse. Å nyte naturen er viktig. Ove lever eit aktivt liv med stor interesse for mennesket og kroppen og korleis den reagerer på trening og bevegelse.

Arbeidsfilosofi

Trening, kosthald og mental styrke heng tett saman og ingen av delane bør vere fråverande om målet er å oppnå betre helse og topp prestasjonar.

Visjonen til Sogn Aktiv er å hjelpa menneske til å trena best, dvs. trening slik at ein kan vedlikeholde eller utvikle god helse og topprestasjonar ut frå kvar einskild sine føresetnader og mål.

Sogn Aktiv stiller høge krav til kvalitet og fagleg grunnlag – både teoretisk og praktisk – og er heile tida på jakt etter nye og godkjende treningsmetodar. Høg kompetanse og evna til å trekka nyttige parallellar på tvers av fagfelt dannar grunnlaget for Sogn Aktiv sin arbeidsfilosofi.

Har du overskot i kvardagen?

Har du overskot i kvardagen?