Motivasjon - korleis nå ditt potensial?

Når menneske høyrer seg sjølv snakka, lærer dei seg kva dei trur på.                                                                                                                                      William R. Miller

Alle har vi vel kjent på følelse av at lysten er låg, at sofaen lokkar meir enn å dra ut på trening. Ein stressa jobbsituasjon,  kronisk sjukdom med smerter i skjelett og ledd, somatisk sjukdom, psykisk liding, dårleg sjølvtillit med meir er velkjente grunnar for motivasjonssvikt. I tillegg gjer eit lågt sjølvbilde det ytterligare vanskleg å gjera ei livsstilendring. Samfunnet set krav til oss og for mange er kvardagen fylt med manglande meistring og måloppnåing. Følelsen av utilstrekklighet brer om seg og fører til dårleg velvære og helse for mange.

Forskinga er klar på at fysisk aktivitet verkar positivt på ein rekke av desse situasjonane og sjukdommane. Draumen om ein smertefri tilstand er kanskje ikkje mogleg med trening åleine men i kombinasjon med andre verkemiddel (samtale/ konvensjonell farmasøytika med meir) vil trening vera svært positivt.  Auka velære og ein meir harmonisk kvardag er mogleg!

Bruk deg sjølv som kompass, bli bevist korleis du ser på situasjonen din no og ein eventuell forandring. Utforsk din eigen ambivalens, kor interresert er du i starte med trening på ein skal ifrå 1 til 10, finn ut fordeler og ulemper med å fortsetta med noverande livstil/ ny livstil. Det finnest grunnar for endring og det finst grunnar imot. Forsøk å forsterka fordelane, utforsk hindringane og søk løysingar. Om / når du har bestemt deg for endring finn mål og delmål, planlegg for korleis du kan gjera det på best mogleg måte, når det skal skje og om du har behov for støtte.  Sogn Aktiv kan bistå deg i denne prosessen.

Motivasjon er nøkkelen til livsstilendring. Overvekt og usunn livsstil er eksempel på ein situasjon mange ynskjer seg bort ifrå.  Vektreduksjon er grunnen for at mange startar trening. Trening vert eit vikitig hjelpemiddel for måloppnåing. Ein umiddelbar effekt er høgare forbrenning på grunn av meir gjennomført aktivitet og auka muskelmasse. Men tendensen er at mange droppar ut etter kort tid. Kvifor? Kva motivasjonsfaktorar påverkar oss til å oppretthalda trening over tid?  

Gjer målet meir attraktivt enn alternativet, som er å la ting vera som dei er. Gevinstane må framstå som større enn det du tapar. Tapsopplevinga må vera mindre verdt enn det du oppnår med endring. Lag eit draumemål, deretter hovudmål og delmål med kortare perspektiv. Gjer målet personleg og viktig for deg. Konkretiser. Du vert lettare overbevist av argument du har kommet på sjølv enn av argument som andre har kommet med. Prøv å finne ut av dette sjølv, ikkje kopier andre.

Dei fleste endringar endar med glippar og tilbakefall iløpet av dei tre første månadene. Tilbakefall er ein naturleg del av endringsprosessen og viktige skritt på vegen som du kan ta lærdom av. Forsking på motivasjon viser at følelse av støtte og tilknytning til andre er viktig for gjennomføringsevne og opprettholdelse av endring. Negative følelsar som einsemd, tristhet og nedstemthet er vanlige utløysande faktorar for å tilbakefall eller å gje opp endringsforsøket. Det er derfor viktig at du alierar deg med nokon som forstår kva du går gjennom, som kan få deg til å stå på og halda ut ubehaget som føl det å gjera ei livsstilsendring. Sogn Aktiv ynskjer sterkt å bidra i ditt endringsforsøk gjennom å gje deg kunnskapen og støtten du treng. Vi forstår utfordringa!