Er du uroleg i kvardagen? Føler du for å endra noko med kvardagen din men ikkje veit kva som skal til? Ynskjer du å føla meir meistring og overskudd?
Sogn aktiv ynskjer å motivera til skape den endringa du ynskjer. Ilag med harmonisk livsstil og eit balansert kosthold kan du legga til rette for gode prestasjonar og dermed oppnå dei måla og draumane du har. Bevistheit om kva du fyller kvardagen din med vert viktig. Prioriter tid til trening og fysisk aktivitet, det finst ikkje ein grunn til at vi ikkje skal bevega oss meir. Gjera treninga til ein vanesak i kvardagen. Ilag med auka interesse for kva du puttar i munnen kvar dag kan det gje suksessen du etterstrebar.
Trening og fysisk aktivitet ilag med eit balansert kosthald vil gje deg det vesle ekstra du treng for å føla harmoni, overskot og livsglede igjen. Sogn Aktiv kan helpa deg å endra vanar og å finna den riktige veien for deg.
Ein mengde studium viser at vi sit altfor mykje i ro iløpet av kvardagen. Forsking som støttar oppunder at fysisk aktivitet, eit sunt kosthald og ein harmonisk livsførsel er viktig for livskvaliteten er overveldande. Dette er kjent kunnskap for alle men likevel så vanskleg å praktisere. Fakta er at den gjennmsnittlege nordmann sitter ni timar iløpet av ein dag, som iløpet av eit år utgjer det 3276 timar. Stillesitting tek liv!
Alle bør iløpet av dagen utfordra kroppen i høve til styrken (variantar av knebøy, hoftestrekk samt trekk og pressrørsle for overkroppen) og uthaldenheten sin (feks gå tur med intensitetkrav/distanse). Med å gjera ei øving innafor nemnte rørslemønster (3 seriar x 10 - 12 repitisjonar) samt evt går ein kort tur med auka puls er du innanfor 30 min med fysisk aktivitet som helsedirektoratet anbefalar. Slik vil du avgrense naturlegaldersrelaterte endringar i beveglighet, balanse og styrke, samt påverka faktorar som viktige for sirkulasjonssystemet. Ved å følgje anbefalingane (30 min om dagen) vil du vinna 182 timar med fysisk aktivitet på eit år. Om det er vanskleg å motivere seg til ei samanhengande økt kan ein gjere kortare sesjonar med aktivitet. Mange små tiltak i løpet av dagen styrkjer både hjarte- og psykisk helse .
Sogn Aktiv ynskjer å hjelpa deg med å setta mål, vidareformidla den kunnskapen du treng for å nå måla og motivere deg til å trene. Sogn Aktiv vil skapa treningsopplevingar gjev deg lyst til å vera aktiv og leve sunt.
Ynskjer du personleg trenar ta kontakt.